Bli med på Memoarkonferansen 2026
Marianne er leiar for Valdres Mållag. Foreldra dreiv med mjølkeproduksjon, og ho voks opp på gard. Ho fortel om eigne erfaringar med å bruke dialekt utanfor dalføret, og om nynorsk skriftspråk i universitetskontekst.
Marianne skildrar kjensla av å "finne seg sjølv" gjennom arbeidet i målrørsla, fyrst i studietida og seinare i Valdres Mållag. Vidare gjer ho greie for opp- og nedturar i målstriden gjennom ulike periodar. Som lærar har ho lagt merke til ein tendens der elevar skriv på dialekt, ei utvikling ho sjølv ikkje er særleg positiv til.
0:00:00 – Om forteljaren og oppveksten i Valdres
0:01:31 – Valdresmål i barneåra
0:04:44 – Barneskolen og ungdomsskulen: skriftspråk og engelsk
0:08:43 – Vidaregåande skule og fenomenet på yrkesfag
0:11:26 – Bokmål på Leira og Fagernes, før og no
0:13:17 – Forteljaren si deltaking i mållaget
0:14:14 – Studentlivet, dialekt i byen, 1970-talet versus 1990-talet
0:17:40 – Studentmållaget og mållaget i Valdres
0:20:44 – Nederlag i målstriden
0:21:28 – Valdresdialekten i endring? Tilpassing av talemål
0:28:45 – Identitetsmarkørar for Valdres
0:33:50 – Språk og identitet – to sider av same sak?
0:35:50 – Nynorsk som del av den kulturelle motrørsla?
0:37:17 – Nynorsk skriftspråk på yrkesfag
0:38:33 – Dialekt som skriftspråk
0:41:01 – Ungdommen sitt forhold til skriftspråk
0:43:18 – Står det norske språket i fare for å forvitre?0:45:18 – Mållaget si rolle i det heile