Johannes Høyland

Publiseringsdato: 13.okt.2019 10:52:51

Johannes Høyland vaks opp som sonen til jordmora, Ho arbeidde fyrst på Fjell, så Klokkarvik, Koparvik og Austevoll før dei flytta til Kalvaneset i Klokkarvik. Det var den 24. mai 2017 sat dette opptaket vart gjort med Johannes - i godstolen på Folkeboksamlinga i Kommunehuset i Sund. Planen var at han skulle fortelja om skulen. Men han var no innom ganske mykje anna og, både sosialhistorie og språkhistorie og kulturhistorie ikkje minst. Utanom alt det han sjølv har opplevd, sit dei godt i minnet, alle dei sogene som bestefar hans fortalde. "Det var ei kjerne av sanning i det meste som bestefar fortalde", seier han. Det er ikkje umogleg at det kan seiast det same om han sjølv. Heldigvis let han seg ikkje bremsa unødig av dette spørsmålet. Hadde han det gjort, hadde ettertida gått glipp av forteljinga om korleis Tinen flaug på kavaien då veren som hadd gått i skårafeste stanga han utfor ein regnversdag, medan bestefaren til Johannes låg og balte med eit makrellsteng på den andre sio tå vågen. Du kan gå rett til den forteljinga her). Heile forteljinga til Johannes er over to timar lang. Du kan gå rett til delforteljingane frå lista under - eller du kan sjå heile flaumen av levd liv. Me tilrår det siste!

Intervjuarar var Bjørn Enes, Helge Bjorøy og Bente Fosse.

På nettsida Klokkarvik.no har Jarle Sælensminde attfortald og illustrert ein samtale med Johannes Høyland om skulehistoria i Sund. Sjå Klokkarvik.no/Historie/Lokalhistorie om skulen

Stikkord om innhaldet i intervjuet: Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: https://vimeo.com/221232344#t=1h22m57s )