Marit Holmeide

Marit Holmeide var fødd rett etter fyrste verdskrig, 16.januar 1919. Da herja spanskesjuka i landet og halve bygda lå nede for teljing. Far henner var nettopp komen opp av "Spanskåin" og var med ein nabo ein tur og då blei mor hennar så bekymra at fødselen starta. Dermed blei Marit fødd to månader for tidleg, på den kaldaste vinterdagen det året, heime på Holmeide på Vågbø i Tingvoll kommune. Men alt gjekk bra med fødselen og ho har levd eit langt fint liv i Tingvoll kommune. Sett av tiden og høyr hennar historie.

Intervjuet skal no dokumenterast, slik at innhaldet blir tilnærma søkbart. Det vil vera til stor hjelp dersom nokon kan hjelpa til med det - sjå her om korleis det kan gjerast.

Straks det er ferdig dokumentert, vil det også bli lasta opp til Minner.no/Tema/Memoarer

Invitasjon til dugnad:

Dette opptaket skal no dokumenterast - det vil seia at det skal lagast eit oversyn over innhaldet.

Memoar brukar å gjera det ved å laga ei stikkordsliste

eller ein serie kortsetningar som gir eit oversyn over kva samtalen handlar om, omlag minutt for minutt.

Ta kontakt med Tingvoll Museum eller bjorn.enes@memoar.no viss du kan tenkja deg å hjelpa til med dette,

Då får du eventuelt passord til videoen.

Du kan bruka papir og blyant, skriv stikkorda - og send dei til Bjørn.

Det aller beste er om du også skriv kor mange minutt og sekund frå start som kvart tema blir omtalt.

Sjå f.eks. her for å sjå korleis me brukar å gjere det.