Hovudprosjekt i utvandraråret:
tok til hausten 2024. Like før jul vart det arrangert ein intervjudag der fire av veteranane frå lokalsamfunnet vart intervjua "på samleband" i det gamle Tinghuset i Uggdal. Etterrarbeidet måtte gjeras på frivillig basis, det tok derfor noko tid - men før midten av mai var videoane og fyrste versjon av deokumentasjonsarbeidet klare. Det har tatt litt tid å få samle samtykke til fjerning av passord, men vi reknar med at også dette vil bli klart i god tid før hausten set inn for alvor.
Ei ny runde med intervjuopptak er under planlegging - sjå meir nederst på sida.
Meininga er at intervjua skal vere fritt tilgjengelege for alle som er interesserte i lokalhistoria i Tysnes Kommune. Men fyrst skal dei som har blitt intervjua få sjanse til å sjå gjennom og gi sitt samtykke til at passorda blir fjerna.
Det skal vere trygt å bli intervjua av Memoar. Det er den som blir intervjua som blir eigaren av optaket, og som bestemmer om andre skal få tilgang. Til høgre her ser du skjema for samtykkeavtalen som skal sikre dette. Nærare informasjon kjem til dei som seier ja til å b li intervjua i neste runde.
Svært mykje interessant historie er kome fram i desse fire fyrste intervjua. Det er stor stemning for å halde fram samarbeidet, både i Memoar og i sogelaget. Kom derfor gjerne med tips om nye personar som bør intervjuast.
Det er naturleg å tenkje på eldre folk i fytrste omgang. Men også yngre folk og ungdomar har ofte erfaringar og observasjonar som kan fortelje ting om eit lokalsamfunn som andre ikkje har sett. Livshistorier er kulturarv - og når det gjeld munnleg historie, er livshistorier som regel like lange: Eit livsløpsintervju varar normalt i ein til to timar - enten forteljaren er 94 eller 14 år!
Tips om intervjuobjekt kan leverast til sogelaget eller til Memoar gjennom epostadressa post@memaor.no.
Kontaktperson i sogelaget er Sigurd Bjordal. Kontaktperson i Memoar er Bjørn Enes