å rester fra hjemmesiden
Vi er den fyrste generasjonen som kan legge etter oss munnleg kjeldemateriale frå alle lag av folket.
Har du blitt spurd om å bli intervjua? Eller lurar du på om du skal melda deg på? Her fortel Bjørn Enes om kva det går ut på.
I praksis foregår dette slik:
Før intervjuet, går intervjuar og forteljar gjennom "Avtale om arkivering og bruk." Dersom dei er samde om å gå vidare, signerar dei avtalen og startar intervjuoptaket.
Snarast råd etter at intervjuet er ferdig, blir råmaterialet lasta "opp i skya" - i ei Dropbox-mappe. (Avhengig av kamera og opptaksformat, kan dette bli ei samling av del-filar som ikkje er så enkle å finne ut av for folk som ikkje er vande med videoredigering).
Tilsette eller frivillige i Memoar eller hos ein av samarbeidspartnarane som har signert ei taushetserklæring, syr nå saman delene til ei samanhengande men så godt som uredigert arkiveringsfil. Denne blir så lasta lasta opp til videotenesta Vimeo.com der fila får eit passord. Berre forteljaren får tilgang til passordet.
Nettadressa til videoen og passordet blir så sent til forteljaren (den som har blitt intervjua) - saman med ei oppmoding om at ho/han ser gjennom arkiveringsfila og noterar seg eventuelle delar som ho/han ynskjer å ta bort før intervjuet blir lagra og eventuelt publisert.
Når vi har fått kommentarane tilbake, lagar vi ei publiseringsfil der vi fjernar dei bitane som forteljaren ynskjer å ta vekk. Dersom vi som redaktørar meiner at det i tillegg bør fjernast andre til av presseetiske grunnar, fjernar vi det og. Arkiveringsfilen blir så sletta i Vimeo, og den nye publiseringsfilen blir lagt der i staden.
Ein lydversjon av publiseringsfila blir sendt til auto-transkripsjon. Det kjem tilbake ei tekstfil som er utskrift av det maskinen har oppfatta av intervjuet.
Nå startar dokumentasjonsarbeidet: Ein person som har gitt taushetsløfte går gjennom og rettar maskinutskrifta. Deretter skriv ho/han eit kort tekstsamandrag. Helst lagar ho/han også ein logg - eit stikkordsmessig oversyn over innhaldet i intervjuet.
Når både publiseringsversjonen, korrigert utskrift, tekstsamandrag og eventuell logg er ferdige, blir dei sendt til forteljaren med oppmoding om samtykke til avlevering til Minner.no og publisering der og på Memoar.no.
Den andre avtalen - etterpå:
Til sist får forteljaren spørsmål om Memoar kan få fjerne passordet, slik at video, tekstsamandrag og logg blir synleg på internett. Det vil i så fall bli synleg på Memoar.no og Minner.no. Det kan også bli synleg på lokal museum, historielag eller andre samarbeidspartnarar sine sider, og det vil kunne delast i sosiale media.
Forteljaren kan seinare endre eller trekke tilbake sine samtykke.
Utvikling av prosjekt saman med frivillige, organisasjonar, musé og andre. Beredskap om uventa hendingar krev dokumentasjon, til dømes krigen i Ukraina.
Kursing i munnleg historie for både profesjonelle og frivillige. Vi lærer kvarandre å lytte, å vise kvarandre verdiar av mangfald.
Intervju som dyrkar fri forteljing
Samtykke som sikrar forteljaren sin opphavsrett og trygg publisering
Opptak blir dokumentert med søkbare stikkord og tidskoder
Etablering av dugnadsgrupper som deltar i dokumentasjons-arbeidet
Opptak og dokumentasjon blir lagra i evigheita sitt perspektiv
Publisering på internett for vidare deling
Arrangement basert på intervju og nettverk som blir skapte gjennom fortelijarane
Det store vi er ei samling av fleire djupintervju med menneskje i ulike aldrar som har livserfaringar frå Bergen. Prosjektet er Memoar sitt bidrag til arbeidet med iverksetjinga av byens nye plan for mangfald i kunst- og kulturlivet. Vi synleggjer menneska i Bergen ved bruk av munnleg historie.
Fokus i Bergensintervjua vil vere “Alle vegar fører til Bergen”. Sjangeren vil vere livsløpsintervju, som både omfattar bakgrunn, oppvekst, eventuell flytting til Bergen, fasar i utviklinga av livet i byen - og eventuell fråflytting.
Kvart intervju skal dokumenterast med tekstsamandrag og tidskodelogg. Heile serien skal avleverast til Norsk Folkeminnesamling med to tilgangsnivå (“Berre for forsking” eller “publisering”), bestemt av kvar einskild forteljar (informant) gjennom si skriftlege samtykkeerklæring.