Publiseringsdato: 12.okt.2019 09:12:14
Robert Alsaker kom frå elektronikkverksemda NERA i Bergen til jobb som rasjonaliseringsingeniør på Falconbridge i juli 1964. Han begynte med metodestudier i vedlikehaldsavdelingane (MTM-systemet). Året etter kjøpte fabrikken det amerikanske UMS-systemet (Universal Maintenance System), som i hovudsak gjekk ut på å studere arbeidsoperasjonar, måle naudsynt tid og rekne ut grunnlag for arbeidsakkordar. UMS-organisasjonen vaks til 20, i tillegg valde fagforeininga eit tilsvarande tal UMS-tillitsmenn.
Men der var motstand mot systemet frå Arbeidarforeningen, og mange mellomleiarar meinte at det var tungvint og fordyrande.
I 1969 kom den fyrste administrative datamaskinen. Den vart brukt meir og meir, og frå 1972 tok for alvor nedbygginga av UMS-staben til.
Den fyrste datamaskinen i produksjonen - "Nikkeline" - vart starta to år tidlegare. Begge maskinane var tidlege i datahistoria, men der var lite eller ingen kontakt mellom miljøa eller kulturane rundt dei: "Nikkeline" var drift, IBM 360 var administrasjon. Begge stader fylgde store endringar i organisasering. For eksempel vart det tydeleg at skilet mellom månadsløn til funksjonærar og timeløn til arbeidarar var fordyrande på grunn av doble og tredoble kontrollrutinar som ikkje lenger var naudsynte. Skilet vart avskaffa for å rasjonalisere, men det tok tid - mellom anna av di Arbeidarforeininga var skeptisk.
Organisasjonsendringane har helde fram. Han spissformulerer at formenn ikkje lenger trengst, og at ingeniørar ikkje trengst trengst i produksjonen lenger - dyktige fagarbeidarar er nok, og høgare teknisk kompetanse bør øyremerkast forsking og utvikling. Teknologi, miljøfokus og kompetanseheving har vore drivarar i utviklinga, men tvers gjennom endringane har kjerna vore den same: Eit framifrå samarbeid om å produsere.
"Industridød" er eit like meiningslaust uttrykk som "det papirlause samfunn".
Direkte adresse til denne nettsida er www.memoar.no/nikkelverk/alsaker
Stikkord i opptaket:
1964 - Rasjonaliseringsingeniør
Metodestudier (MTM)
UMSmetoden 1965
Tidsstudier
1969 - motstand mot UMS
Akkordarbeid
UMS-akkordar
UMS-observatørar
UMS-tillitsvalgte
Eksempel motoroverhaling
"Gøys" på SO2-anlegget
Kloralarm i Elektrolysen
Slutten på UMS
Motstand mot akkord
Byråkrati
Nedbygging av UMS-staben
Datamaskinar
IBM 360
Programutvikling
Programfeil
"Hullkortavdelingen"
RPG-programmet
"Nikkeline" - 1967
Tidleg datahistorie
To datakulturar
Elektronikken - 1959
Militær teknologi
Systemtenking
Ny organisering
Eksempel: Timeregistering
Dobbeltkontroll
To lønssystem
Fast løn for alle
Avviksrapportering
Kulturendring
Arbeidar - funksjonær
Skepsis mot likt lønssystem
Skepsis mot pensjon
Avvikling av hierarki
Datamaskinane
Kreftsaken
Prosessomlegginga
"Vekk frå pyrometallurgien"
Fordelane med KLprosessen
Den nye organisasjonen
Krisa i 1982
Tradisjonar i Personalavdelinga
Nedbemanning
Pyramidekutting
Kompetanseheving
Kutting frå toppen
Formennene
Ingeniørane
Fagarbeidarane
Samarbeidstradisjonane