Inge Tangerås

Inge Tangerås - Sjøfart - Memoar
30. april 2019
. Intervjuar Bjørn Enes. Inge Tangerås vaks opp som son av ein båtbyggar i Hardanger.

les meir

Etter gymnaset i Austese, førstegongsteneste og handelshøgskulen i Bergen, jobba han innanfor finanssektoren ei kort stund. Han fann tidleg ut at det ikkje var noko for han, då han heller ville jobbe med faktisk verdiskaping. Etter eit par år med industri og produksjon, fant han vegen til maritim industri, og sidan har han ikkje sett seg tilbake.

Mest kjend er han nok som hamnesjef i Bergen fram til 2017, og korrupsjonsskuldingane mot han og dåverande ordførar Trude Drevland, som dei begge vart frifunne frå. Han fortel om sin oppleving av å stå midt i media sitt søkelys, korleis det tærte på kreftene, støtta han fekk frå venner og kollegaer, og vegen vidare.

Han snakkar varmt om norske sjøfolk, norsk maritim industri og cruiseskibransjen, og greier ut for historia til norsk cruiseskipdrift. Vidar gjer han frampeik mot ei grønare framtid for cruisebransjen, korleis ein skal handtere den aukande turiststraumen og spennande ny maritim teknologi.